Hopp til innhold

Bygg ein enkel kompost i hagen!

Har du spørsmål om kompost og kompostering? Har du ein hage men syns kompost er vanskeleg? Har du dårleg råd?

Informasjon

  • Dato: 22. sep. 2024 - 14:00
  • Sted: Hvervenhagen, Hvervenbukta
  • Se kart
  • Arrangør: Hvervenhagen
  • Tema: kompostering, kurs

 Har du ikkje bil og/ellereller liten lyst til å frakte jord og hageavfall rundt omkring? Er det vanskeleg å kome i gang med kompostering? Ville du gjerne hatt lettvint tilgang på fantastisk fin så-og pottejord? Treng hagen din ein boost med god næring? Vil du ha ein meir naturleg hage? Ville du at hagearbeidet skulle vere meir lettvint? 

Bli med oss på kurs! 

Vi viser deg ENKEL hagekompost som gir deg verdifull så-og pottejord og jordforbedring til alle dine åkre og blomsterbed!

Ta vare på ressursane frå hagen og gjer det om til flott kompost. Vi viser deg korleis! 

Kurset tar ein times tid og foregår på vår nystarta, flotte hage ved Hvervenbukta i Oslo

Kurset kostar bare kr. 300.-  Vipps til 

Du får: 

-enkel innføring i komposteringens kunst, vi er kjapt innom mange slags typar kompost, men vil her konsentrere oss om å vise fram den enklaste av dei alle: enkel hagekompost!

-ein demonstrasjon der vi bygger på stedet ein enkel kmpostbinge av brukte trepallar. Vi bruker elektrisk drill og lange treskruer

-vi viser fram kva slags materialer som egnar seg til kompost, og forholdet i mellom dei

-høve til å stille spørsmål

OM KOMPOSTKURSET

Vi viser deg kva du treng, og korleis du går fram for å lage god kompost. Vi viser deg korleis du kan bruke kompost.

Du treng ein plass å ha komposten, noen trepaller, ein spade eller greip, kompostmateriale. Tid til at komposten kan omdannast, litt arbeid med å vende komposten når du har tid eller lyst på litt lett arbeid!

Fordelar med kompostering: 1)det er alltid ryddig i hagen, du har ein lettvint plass å bli kvitt rusk og rot. Rusk og rot er no ikkje lenger eit problem, men ein ressurs! 2) du har alltid lettvint tilgang på fantastisk jordforbedring, materiale til nye bed, kjempefin så-og pottejord 3) du lærer deg å tenke og handle naturlvenleg

Kurs/ workshop vert halden av erfaren gartnar og kompositør Aasta Uri 

Kurset er lavterskel og passar for alle! Velkomen til Hvervenhagen!

 

Kontaktperson

Aasta Uri
Tilbake til toppen